12 november 2008

Grensesprengande roman

Odd Klippenvåg: «Tingenes tilstand» - om aldrende homofil slagrammet antikvitetshandler.
Sigmund Jensen: «Tiberiusklippen» - en mastodont av en roman om alt mulig, på over 800 sider.
(Hør anmeldelsene i Boktilsynet på mp3 fra 8/11.)

Sigmund Jensen spenner opp eit enormt lerret. Han startar med the big bang og sluttar med noko nær undergangen. Han opnar med første Mosebok og let det tone ut med Johannes’ openberring. Han er innom astronomien og astrologien, økonomien og økologien, og bak det heile ligg den store konspirasjonen, den usynlege makta som trekkjer i alle trådar, slik den har gjort i mange hundre år. Denne makta, korporasjonen, har som mål å halde seg ved makta. Brysomme personar hamnar i klørne til renovasjonen, som ikkje berre eliminerer uønska individ, dei greier også å slette alle spor etter livet til den uheldige.

Tiberius sin metode var temmeleg primitiv til samanlikning. For å gjennomføre dei lumske planane sine, treng korporativet nyttige idiotar, små strebarar som held seg inne med sine overordna for å nå opp og fram i det vesle, vesle livet sitt. Slike som Jan Johansen, mannen frå Stavanger som har jobb, kone og to barn, og som ber Norges mest vanlege namn i sin generasjon, skriv Marta Norheim i si godt gøymde bokmelding (prøv å googla ho!).

Ingen kommentarer: