28 november 2006

Nedbryting av verdiar, meining og språk

Dette er ein nedbrytande roman. Ein ting er å bryte ned ungdommen og andre folk ein misliker. Men det går vidare: til nedbryting av verdiar, av meining, av språk, og til slutt av sjølve det menneskelege. Og nedbrytinga er ganske konkret, vi hamnar til slutt med substansar eg ikkje eingong vil nemne på radio.

Hovudpersonen i "Inn" fører ein krig med verda. Lesaren blir sugd inn i eit forrykt misantropisk univers og kasta ut att, og det er ikkje gjort i ei handvending å forklare kva ein har vore med på, eller om ein hadde godt av det. Den som les "Inn" gjer det på eige ansvar, skriv Marta Norheim.

Ingen kommentarer: